Omtale
I denne boka skildrar Anders Totland livet og kvardagen til dei norske deltakarane i slavehandelen.
Det var nordmenn i alle ledd. Dei reiste til sjøs, med skipa fulle av afrikanske slavar, og de jobba på dansknorske slavefort i Afrika og i Amerika.
Vi får høyre om ein mektig dommar frå Ringerike som torturerte og drepte eit tosifra tal slavar. Og vi blir kjende med ein sliten skipper frå Bergen som mista både jobb og familie, før han fekk ein ny sjanse på eit slaveskip. Sjølv Tordenskiold, den store krigshelten, var aktivt med i denne handelen.
Når vi les om desse skjebnane, får vi innblikk i livet slik det var på 1600- og 1700-tallet, rått og brutalt og hjerteskjærande. Men også i denne mørke delen av norsk historie er det nyansar.
Boka er illustrert i en poengtert teikneseriestil med tidsriktige detaljar.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.