Omtale
I Det norske huset går Frode Grytten og Jens Hauge tilbake til byggmessig basic. Til det første bygget: plankehytta. Den som alle kan reise. Der alle kan bu. Der alt du treng er ei svolten sag. Ein stad utanfor allfarvei. Bortanfor bustadmarknaden. Der Nikkei-indeksen kan ta seg ein tur. Og styringsrenta styrer ingenting.
Men plankehytta er også ein utkikspost. Ein stad for oversyn. Ein stad i skogen der vaksenverda blir synleg. Med sine arkitekter, eigendomsmeklarar og hyttebyggande millionærar.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.