Omtale
Diktarstien i museumstunet på Hardanger folkemuseum på Utne vart offisielt opna i høve Olav H. Hauges sin 85-årsdag i 1993. Gjennom åra har ei rekkje av våre mest markante lyrikarar blitt heidra med ei steintavle på Diktarstien. Forfattarane har sjølv vlat verselinjene på diktartavla, og her i boka blir dei presentert slik dei ligg føre i publisert utgåve eller i samråd med forfattaren. Kunstnaren Cecilie Broch Knudsen og lyrikaren Terje Johanssen hadde i 1992 ei kunstutstilling i Hardanger folkemuseum der utvalde dikt av Johanssen blei presentert på steintavler. Dåverande direktør ved museet, Ågot Gammersvik, vidareutvikla kunstprosjektet saman med Broch Knudsen til det som i dager Diktarstien.
Stien trår varsamt fram og ligg no som ein lyrisk løyndom i museumstunet med vakre verselinjer omkransa av mektig Hardangernatur med fjord og fjell. Stans opp litt, lytt til naturen og opplev poesien frå Diktarstien.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.