Omtale
Om odelsjenter og antidrift.
«Du er ikkje fødd odelsjente», sa Simone de Beauvoir, «du blir det.» Men slik er det ikkje i Gjesdal kommune. Iallfall ikkje på 1990-talet. Tiåret då Noreg fekk ny konge, då Lady Diana døydde, og då det gjaldt å halde på jomfrudommen så lenge som mogleg utan å vere prippen.
To jenter overtar kvar sin gard, og det blir ein kamp om korleis ein skal drifte jorda. Mens den eine utviklar nye sauesortar og sprenger tunellar pÃ¥ alle kantar, synest den andre at det moderne landbruket har gÃ¥tt for langt – ho lanserer tanken om antidrift. Men dette skal vise seg Ã¥ vere ein farleg idé med alvorlege konsekvensar ikkje berre for henne, men for heile Jæren.
«Du er bonde» er ein fabel om arv, plikt og seksualitet i det moderne landbruket.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.