Eg bur her no: dikt (Kari Anne Bye)

Kari Anne Bye

kr288.00

Levering 3-7 arbeidsdagar

SKU: 12808 Kategoriar: ,

Omtale

Ei kvinne i trettiåra treffer ein mann på Tinder og tar steget inn i eit forhold. Mannen er bra på så mange vis, men korleis kan ho vite at ho har funne den rette? Ho har sett kjærleiken døy før, og blir redd. Skal det vere dei to resten av livet? Heldigvis treng dei ikkje flytte saman med ein gong, eller, det vil seie, ikkje før leilegheita hennar flaumar over av vatn, og det gjer ho naturlegvis.

Eg bur her no er ei bok om kjærleik og tvil, om kor vanskeleg det kan vere å ta imot det gode, enda kor mykje ein har ønska seg det.

Punktet
Å stå på dette punktet
og sjå strengar bli kryssa, kveila, falda ut
alt som er og alt som blir og ikkje.
Vi kjem til å gifte oss.
Vi kjem til å gå frå kvarandre.
Vi kjem til å gifte oss
og gå frå kvarandre.
Nett her
nett no
er alt like sannsynleg.

Kari Anne Bye (f. 1983) kjem frÃ¥ Trondheim. Ho har bakgrunn frÃ¥ drama og teater og er utdanna historikar frÃ¥ NTNU. Bye debuterte i 2020 med diktsamlinga “Eg et før eg kjem”.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.288 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Eg bur her no: dikt (Kari Anne Bye)”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *