Eg skal rive deg i filler

Therese Garshol Syversen

kr329.00

1 på lager

SKU: 13967 Kategoriar: ,

Omtale

Iben Maria Løvenskiold har framtida klart for seg. Etter at ho er ferdig med internatskolen i Sveits, skal ho begynne på Handelshøgskolen i Bergen, og deretter skal ho studere på Harvard. Men då søstera hennar, Alexa, døyr brått på fest, snur alt. For på ulike sosiale medium verserer ein fæl video der Alexas siste timar er dokumenterte. Iben kan ikkje gløyme det ho ser på filmen.

Saka blir lagd vekk hos politiet, men ikkje i hovudet til Iben. For henne er det ikkje så viktig med paragrafar og piss, dei skuldige skal få som fortent. Iben har ein plan: Ho vil nærme seg den eine guten og bruke han til å felle dei andre. Men då må ho få han til å falle for henne først.

Eg skal rive deg i filler er ein rasande og medrivande ungdomsroman som underheld på overflata, men som djupast sett stiller viktige spørsmål som: Kva viss ho ikkje sa nei? Sa ho ja då?

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.283 kg
Innbinding

Aldersnivå

Ungdom

Forlag

Det Norske Samlaget

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Eg skal rive deg i filler”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *