Omtale
15. september 2015 vart den tre år gamle Alan Kurdi funnen drukna på ei aude Middelhavsstrand. Det ikoniske biletet gjekk verda rundt. Saman med familien sin rømde han frå krigen i Syria. Dei fleste som berga seg over havet havna i overfylte flyktningeleirar i Hellas, der forfattaren ei kort stund arbeidde som frivilleg. Diktsamlinga er tileigna Alan Kurdi og alle verdas flyktningeborn som er uskuldige offer for meiningslaus krig. Den speglar forfattaren sitt samfunnsengasjement, men han favnar vidt og er slett ikkje utan glimt i augo.
Forfattaren sine inntekter frå boksalet går til organisasjonen “Dråpen i Havet” sitt arbeid for flyktningar.
”Dikt som vil gripe deg – og vekke undring og ettertanke.”
Tom Egeland, forfattar
”Forfatteren skriver vart om de vergeløse. Med humor og krass refs røsker han opp i sin generasjons synder og unnfallenhet i en diktsamling som spenner vidt.”
Anne Schäffer, frilansjournalist og kritikar
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.