Ein tingas lydhøyre mann

Sveinung Nordstoga

kr349.00

1 på lager

SKU: 13552 Kategoriar: , ,

Omtale

Arvid Torgeir Lie (1938–2020) er blant dei fremste norske lyrikarane i etterkrigstida – original, nyskapande, overraskande og høgt verdsett av forfattarkollegaer.

Med bakgrunn i gruvesamfunnet Åmdals verk i Tokke kommune skreiv han dikt inspirert av haiku-tradisjonen, arbeidardikt, landskapsdikt og også meir sivilisasjonskritiske dikt om medieutviklinga. Tekstane speglar seg i oppvekstmiljøet, med ei sterk fellesskapskjensle, men han går også i dialog med tradisjonen og søkjer mot eit genuint uformelt, munnleg og avvæpnande poetisk uttrykk.

I denne boka trekkjer Sveinung Nordstoga nokre linjer gjennom heile forfattarskapen, som i tillegg til elleve diktsamlingar også inneheld gjendiktingar, ei novellesamling og eit upublisert skodespel.