Omtale
Frå boka:
Boka «Eventyret i Sandvikdalen» er verdfull av fleire grunnar. Det er eventyr knytt til ein natur vi kan kjenne oss heime i. Det er eventyr om felleskap, -og samhald. Det handlar om å oversjå motsetningane og leve saman.
Eit viktig poeng med eventyret og den historiske forteljartradisjonen, er at det stimulerer til fantasi, til undring og kreativitet. Kvalitetar som var sentrale for Harald Molvik når han skreiv forteljingane om det eventyrlege livet som ein gong skal ha blitt levd her på kjende stadar i Vanylvsfjella. At nisseungane også tok seg ein tur rundt jorda i måneskalken, sette sjølvsagt ein ekstra spiss på kvardagen.
Det er eventyr som har røter langt attende i tid, og blitt overført gjennom generasjonar. Og kanskje også gjort meir fargerike.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.