Forteljingar om Ivar Aasen – Aasen-resepsjonen i fortid og notid

kr100.00

Tomt

Omtale

Dei ti artiklane som fyller denne boka, er ikkje først og fremst meinte som ei forseinka hylling av Ivar Aasen, eitt år etter Ivar Aasen-året. I staden har formålet vore å sjå nærmare på den måten Aasens liv og verk har blitt framstilt på – i fortid og notid.

Aasen-bilete, eller -bileta, er forma gjennom ei rekkje sjangrar. I denne boka blir det sett søkjelys på litteraturhistoriske framstillingar, hyllingsdikt, gjenbruk av Aasen i nynorsk lyrikktradisjon og biografiar.

I 1996 kom det ut tre omfangsrike biografiar om Ivar Aasen –av Jostein Krokvik, Kjell Venås og Stephen J. Walton. På denne bakgrunnen fall det naturleg å rette merksemda mot dei biografiske forteljingane om Aasen. Alle dei tre forfattarane har presentert prosjekta sine her. Samtidig inneheld boka meir prinsipielle drøftingar av biografien som populær og problematisk sjanger – med utgangspunkt både i desse og eldre Aasen-biografiar.

Aasen-bilete er ikkje eit spørsmål om sjanger åleine. Fleire av artiklane viser at formelle og ideologiske mønster blir til innanfor institusjonenlle rammer, i den borgarlege ålmenta, i målrørsla og i den litterære instiutsjonen.

Resultatet er ikkje éin Ivar Aasen som alle kan semjast om, men eit mangefasettert bilete, skapt av motstridande interesser og utforma som vitskaplege og mytologiske fortlejingar i ein prosess som ikkje er slutt.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.150 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Høgskulen i Volda

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Forteljingar om Ivar Aasen – Aasen-resepsjonen i fortid og notid”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *