Fortida i notida: Sju tekstar om nasjonal identitet

Svein Ivar Angell

kr100.00

2 på lager

Omtale

Dette skriftet samlar eit utval tekstar skrivne i tidsrommet 1994–2000. Tekstane har ulikt omfang og varierer i framstillingsform, men samlar seg om ein felles tematikk. Alle tek opp ulike sider ved nasjonal identitet og alle rører ved kva rolle fortida får i konstruksjonen av nasjonale identitetar. Ei fyldig innleiing set tekstane inn i eit større perspektiv.

Dei fem første tekstane handlar om ulike sider ved den norske nasjonsbyggingsprosessen. Ved hjelp av m.a. den tyske sosiologen Norbert Elias sine teoriar om utviklinga av dei vest-europeiske nasjonalstatane, vert den norske nasjonale identitetsproblematikken drøfta både på eit overordna nivå og ved å setje spesielt fokus på viktige symbolmarkeringar i den konfliktfylte mellomkrigstida: 900-årsjubileet på Stiklestad i 1930 og den norske namne- og språkpolitikken.

Dei to siste tekstane tek opp forhold ved dei nasjonale identifikasjonsmønstra i høvesvis Danmark og Sverige, og opnar dermed opp for komparative perspektiv på nasjonal identitet.

Svein Ivar Angell (f. 1967) er cand.philol med hovudfag i historie. Han er stipendiat ved Ivar Aasen-instituttet i perioden februar 1998 – februar 2001, med modernisering og nasjonsbygging i Noreg og Sverige etter 1905 som avhandlingstema.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.150 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Høgskulen i Volda

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Fortida i notida: Sju tekstar om nasjonal identitet”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *