Omtale
Rabaldermenneske og strateg
Fredrikke Marie Qvam (1843-1938) var ein av dei heilt sentrale strategane i kampen for full kvinneleg stemmerett. Som leiar for fl eire kvinneorganisasjonar stod ho i spissen for kvinnestemmerettskampen på slutten av 1800-talet. Målet vart nådd i 1913, men det sette ikkje på nokon måte punktum for Qvam sitt politiske og organisatoriske engasjement.
Qvam vart ikkje utan grunn kalla Korridorenes Dronning, og ho påverka gjerne landets leiande menn ved å gå gjennom konene deira. Sjølv var Fredrikke Marie Qvam gift med Ole Anton Qvam, ein sentral Venstre-politikar. Mykje sjukdom, to barn som døydde tidleg, ein son som døydde av tuberkulose 25 år gammal, og eit dødfødd barn sette eit sterkt preg på livet hennar.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.