Omtale
Ein spennande skule der spøkelse er daglegdags! Grete elskar den mystiske skulen sin. Der finst det både ein rektor som går igjen, og ei latterfrøken som viser seg i spegelen på do. Og då Grete ser at det er bitemerke på arket hennar, og høyrer noko som knurrar og krafsar, forstår ho at det berre kan bety éin ting: Spøkelseshunden har vakna! Bli med til skulen der porten knirkar, det er spindelvev i vindauga og ein høyrer kvesande pust i korridoren. Les også: Den mystiske skulen: Svartedama Den mystiske skulen: Ånda i glaset Spøkelseshunden er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Frå svensk ved Øystein Rosse. Leseland. Nivå 2.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.