Omtale
Vi flyr og vi flaksar
kurrar og kraksar
kvitrar og kvekkar
trippar og trekker
så sit vi på trappa
og trillar og trallar
speidar i lufta
og lengtar og kallar
Så jagar vi rundt
seglar og vandrar
svevar og stig
styrtar og landar
Vi vil ikkje inn
i storm eller stille
vi er heime i vind
vi er frie og ville
Gjermund Gjerdesmett og andre føykne fuglar er ein fantasifull og leiken inngangsport til den nære og tilgjengelege norske fuglefaunaen for barn. Lisbeth Dreyer har tatt utgangspunkt i heilt vanlege fuglar som lever heilt vanlege fugleliv, men diktar fram morosame situasjonar på rim.
Boka formidlar stoffet på ein måte som både utfordrar, engasjerer og inspirerer barna til å legge merke til det yrande fuglelivet dei har rett utanfor døra si, på veg til barnehage og skule.
Per Ragnar Møkleby gjer fuglane personlegdom, men alltid fundert i korleis dei faktisk ser ut og lever i naturen – for at barn skal kunne lære om og kjenne att fuglane i boka.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.