Omtale
Korleis leva anstendig i ein verden der individualismen er einerådande, der samhald og kollektivt ansvar er i vanry, og pengar og makt dei einaste måla på framgang og lykke?
Gjennom eit tjuetals ulike livshistorier frå vår samtid og nære fortid fortel Habeas Corpus om kvinner og menn som prøver å leva så sant og rett dei kan, ut frå dei lover og reglar som gjeld i samfunnet. Liva deira blir vikla inn i kvarandre, vikla inn i den store historia og inn i krefter som er sterkare enn dei sjølve. Vi er i Norge, i Europa, i Nord- og Sør-Amerika.
Når andre gjer urett, kan vi straffa og boikotta dei, korleis boikottar vi oss sjølve?
Kva med den lovlydige, når lov blir urett?
Habeas Corpus er ein djupt humoristisk og alvorleg roman om menneske som gjer motstand og kjempar, som gjer det beste ut av det, som ofte lid nederlag og som av og til vinn fram, i kampen for å leva verdige liv.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.