Omtale
Diktaren Olav H. Hauge var også ein kresen gjendiktar. Mange av gjendiktingane stod først på trykk i aviser og tidsskrift, før dei seinare kom i ulike samleutgåver.
I det alt anna enn tilfeldige galleriet finn vi desse 26 poetane: Friedrich Hölderlin, William Blake, Alfred Trennyson, Robert Browning, Stéphane Mallarmé, Paul Verlaine, Arthur Rimbaud, William Butler Yeats, Stephen Crane, Carl Sandburg, T. E. Hulme, D. H. Lawrence, Oskar Loerke, Georg Trakl, Georg Heym, Alfred Lichtenstein, Bertolt Brecht, Francis Ponge, Henri Michaux, René Char, Robinson Jeffers, Kenneth Rexroth, Robert Bly, Etheridge Knight, Sylvia Plath, Paul Celan og Johannes Bobrowski.
Olav H. Hauge (1908–1994) er rekna som vår fremste norske lyrikar i etterkrigstida. Han gav i alt ut seks diktsamlingar. Samtidig var han ein av våre fremste og mest originale gjendiktarar. Dagbøkene hans vitnar om korleis han lærde seg framande språk og frå 18-årsalderen og livet gjennom arbeidde med å føre sine utanlandske yndlingspoetar over i norsk språkdrakt.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.