Omtale
DÃ¥ hekseri og trolldom var blodig alvor!
Frå 1400-talet og fram til rundt 1700 blei 100 000 kvinner og menn stilte for retten og skulda for hekseri og trolldom i Europa. Rundt 50 000 av desse blei avretta. Her i landet blei over 300 såkalla hekser drepne. Dei var vanlege kvinner, gifte og ugifte, fattige og rike, unge og gamle.
Heksene blei hengde eller halshogne, men oftast brende. BÃ¥let skulle ha ei reinsande kraft.
Historikaren Aina Basso fortel om hekseprosessane i Europa og i Noreg. Her blir vi kjende med hekser som franske Jeanne d’Arc og tyske Merga Bien, men ogsÃ¥ norske hekser som Anna Pedersdotter Absalon og sunnmørske Sva-maska. Vidare fÃ¥r vi historia om den siste og aller verste av hekseprosessane i Finnmark. I 1662 blei 31 kvinner skulda for Ã¥ vere hekser. Av desse var det seks smÃ¥jenter. Kven var heksene? Og korleis i alle dagar kunne noko slikt skje?
Heksejakta er ikkje over. Både i Asia, Sør- Amerika og Afrika er det stader der dei framleis brenner hekser.
Boka er illustrert av Christian Bloom.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.