Omtale
Ikkje bare ei mor Ã¥pnar med barnet sitt blikk pÃ¥ mora. Mora stÃ¥r over og vernar barnet, ho avgjer alt, ser alt. Barnet er i hennar omsorg, hennar vald. Barnet si rolle er ogsÃ¥ klar: det mest verdfulle ei mor har, samtidig er fosteret i livmora som ein okkupasjon, først fysisk, deretter som bekymring – livet ut.
Dikta spør om kor grensene for omsorga går, og undersøker dei uklare grensene mellom det å elske og å eige eit anna menneske. Kan kjærleiken bli eit overgrep? Samlinga er óg ei slektskapsforteljing, ei skildring av korleis eit menneske riv seg laus frå heimbygda og forfedrane.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.