Ivar Aasen-studiar I

kr160.00

5 på lager

Omtale

Ivar Aasen-selskapet har i hovudsak til oppgåve å gjeva ut uprenta manuskript etter Ivar Aasen, og det har to seriar: Serie A, Tekster, og Serie B, Kommentarar og studiar. Dette bandet i serie B inneheld tre artiklar:

«Den fyrste grammatikken Ivar Aasen åtte», av Jarle Bondevik, gjeld eit manuskript som ligg på Universitetsbiblioteket i Oslo. Mange har nemnt grammatikken, men ingen har visst kva grammatikk det er. Ved undersøkingar i arkiv og i dansk grammatisk litteratur, har forfattaren funne fram til kva grammatikk dette er. Manuskriptet vert prenta her, saman med ei innleiing om ymse omstende kring grammatikken.

«Ivar Aasen og granskinga av sunnmørsmålet», av Bjarne Ulvestad, er ei gjennomgåing av Aasens framstelling av dei fonologiske tilhøva i sunnmørsmålet, med ei tolking av korleis Aasen skal lesast. Aasens utgreiing om lydsystemet vert jamførd med skildringar seinare dialektologar har gjeve.

«Ivar Aasen and V.U. Hammershaimb: Towards a Stylistics of Standardization», av Andrew Robert Linn, er ei jamføring av korleis desse to grammatikarane arbeidde. Forfattaren nærmar seg problema frå ein allmennlingvistisk synsstad, og han tek føre seg dei strategiane som kjem til syne hjå Hammershaimb i hans arbeid med ei skriftnorm for færøymålet og samanliknar med dei strategiane som Aasen nytta.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.150 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Norsk Bokreidingslag

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Ivar Aasen-studiar I”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *