Jenny Fender

Heidi Marie Vestrheim

kr262.00

7 på lager

SKU: 13467 Kategoriar: ,

Omtale

Bandet er kaputt, ferien er kaputt, livet er kaputt. Signe er borte, og Jenny Fender er aleine igjen i bygda. Det er nesten så ho blir heilt deprimert.

Dessutan er den nye naboen kjempeirriterande, med rocka sveis og trommesett i kjellaren. Ho spradar rundt med det skeive smilet sitt og gjer Jenny heilt svimmel.

Dette blir verdas VERSTE sommar … eller?

Heidi Marie Vestrheim debuterer som forfattar med ei barnebok full av sjarm og energi. Jenny Fender handlar om alt virvaret ein kan oppleve i overgangen mellom barndom og ungdom. Dette er ei forteljing om vennskap, rock og kjærleik.

«Det luktar sukkerspinn, skyllemiddel og salt fjord nÃ¥r Heidi Marie Vestrheim debuterer med ei sjarmerande oppvekstskildring frÃ¥ siderlandet. […] «Jenny Fender» er ei glad og god sommarbok med klassiske kvalitetar.»
Bergens Tidende

«Livet går i grus for Jenny Fender på ein måte vi ikkje har sett i ei norsk barnebok sidan Lena Lid flytta frå Trille i Maria Parr si «Vaffelhjarte».»
Bergens Tidende

«Boka høver godt for born i alderen 9–14 som er interesserte i rockemusikk og venskap og ikkje altfor opptekne av My Little Pony og duftlys. »
nynorskbok.no

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.295 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Jenny Fender”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *