Omtale
Knapt nokon europeisk diktar utanom Shakespeare er blitt så gjennomgranska som Goethe. Litteraturen om verka hans er svært omfattande. Sjølve diktinga er tilgjengeleg i ei mengd utgåver, i samling og i einskildverk. Påverknaden og arven etter han er verksam i tysk og europeisk åndsliv den dag i dag, 200 år etter at han levde.
Goethe er også blitt omsett og gjendikta til norsk. Dikt av Goethe på nynorsk vil ein finne hos forfattarar som Sigmund Skard, Åse-Marie Nesse og Hartvig Kiran, for å nemne nokre få.
I denne boka presenterer Jostein Fet 32 av sine nynorske gjendiktingar under tittelen “Natur og Eros”. Fet innleier boka med eit kapittel om Goethes liv og dikting. I tillegg reflekterer han rundt temaet “Natur og Eros” og utfordringar knytt til gjendiktinga. Dikta er ordna tilnærma kronologisk, slik at Goethes utvikling som diktar og menneske kan bli lettare Ã¥ følgje. Goethes dikt er i uvanleg stor grad ei atterspegling av hans indre biografi, konstituert av private opplevingar og av diktarens plass i den Ã¥ndshistoriske og politiske utviklinga i Europa. Kvart dikt er difor forsynt med ei kort innleiing av bibliografisk, biografisk og tematisk karakter.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.