Sal!

Levekår på Sunnmøre – i krigs og naudsår

Valborg Hustadnes

Original price was: kr150.00.Current price is: kr50.00.

3 på lager

SKU: 10354 Kategoriar: , ,

Omtale

I mange år har eg samla på stoff som handlar om krigsåra 1940–45. Det er personintervju, avisutklipp, og skrivne minne. Dei fleste minna eg sjølv har, er frå etterkrigstida, og eg hugsar særleg rasjoneringa som varde til eg var ca. 10 år. Heime var det nærast tragedie om ein kopp eller anna krusty vart knust, fordi det var så vanskeleg å få tak i nytt. Eg hugsar me hadde tallerkar som var bøtte med hesjastreng.

I krigsåra var det mangel på nesten alt, og husmødrene måtte nytte det som på nokon måte kunne verte til klede og mat. Skikkeleg mjøl var det uråd å få tak i. Berre dei som hadde sjuke eller små born i hushaldet, fekk kjøpe litt kveitemjøl. Alle andre måtte klare seg med det dårlege krisemjølet. Men det var først og fremst poteter som vart redninga for mange.

Fleire av kapitla i boka handlar om motstandskampen. Det var mange som våga livet for fridom og fedreland her på Sunnmøre også. Spionasjen mot okkupantane sine forsvarsverk i området rundt Stad var risikofylt, og det var lova dødsstraff for alle som hjelpte “fienden”. Ein av dei sentrale her var Annfinn Kragset, som var lærar på Kvamsøya. Andre spreidde illegale aviser, smugla våpen, hjelpte rømlingar med meir.

I arbeidet med boka har eg nytta ei rekkje skrivne og munnlege kjelder som eg gjev eit oversyn over bak i boka. Takk til dei som har lånt ut skrivne kjelder, og til dei som har lånt ut bilete.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.800 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Eige forlag

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Levekår på Sunnmøre – i krigs og naudsår”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *