Omtale
Målsamlingar 1851-1854 av Ivar Aasen er ei rikhaldig utgåve av språkleg tilfang som Ivar Aasen samla i fyrste helvta av 1850-åra. Her er grammatiske utgreiingar og leksikalske samlingar frå Sunnmøre, Nordland (Lofoten), Ringerike og Hallingdal, frå Vestlandet, Telemark og Setesdal, Østfold og Romerike, og frå Hadeland, Toten og Gudbrandsdalen. Ein makelaus ordskatt på om lag 6500 ord frå målføra vert her lagd fram for fyrste gongen.
Målsamlingar 1851-1854 av Ivar Aasen er utgjevne av professorane Jarle Bondevik og Oddvar Nes, Nordisk institutt, Universitetet i Bergen, og fyrsteamanuensis Terje Aarset, Høgskulen i Volda.
Ivar Aasen-selskapet har i hovudsak til oppgåve å gjeva ut uprenta manuskript etter Ivar Aasen. Selskapet gjev ut to seriar, Serie A, Tekster, og Serie B, Kommentarar og studiar.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.