Omtale
Målsamlingar 1862-1883 av Ivar Aasen er ei rikhaldig utgåve av språkleg tilfang som Ivar Aasen samla frå 1862 og til tidleg i 1880–åra. Det aller meste er leksikalsk tilfang som han skreiv opp på dei seks reisene han gjorde i desse åra, den siste til Stavanger seinsumaren 1883. Aasen samla òg ord frå informantar frå bygdene som vitja Oslo eller var busette der, og han skreiv opp frå skriftlege kjelder. Soleis er ord frå alle landsluter komne med i denne boka.
Målsamlingar 1862-1883 av Ivar Aasen er utgjeven av professorane Jarle Bondevik og Oddvar Nes, Nordisk institutt, Universitetet i Bergen, og fyrsteamanuensis Terje Aarset, Høgskulen i Volda.
Ivar Aasen-selskapet har i hovudsak til oppgåve å gjeva ut uprenta manuskript etter Ivar Aasen. Selskapet gjev ut to seriar, Serie A, Tekster, og Serie B, Kommentarar og studiar.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.