Omtale
Målsamlingar frå Christiansands og Agershuus Stifter av Ivar Aasen av Ivar Aasen er ei rikhaldig utgåve av språkleg tilfang som Ivar Aasen samla i 1840-åra. Her er grammatiske utgreiingar og leksikalske samlingar frå fylka Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Buskerud og Oppland. Ein makelaus ordskatt frå målføra vert her lagd fram for fyrste gongen.
Målsamlingar frå Christiansands og Agershuus Stifter er utgjevne av professor Jarle Bondevik, professor Oddvar Nes, Nordisk institutt, Universitetet i Bergen, og fyrsteamanuensis Terje Aarset, Høgskulen i Volda.
Ivar Aasen-selskapet her i hovudsak til oppgåve å gjeva ut uprenta manuskript etter Ivar Aasen. Selskapet gjev ut to seriar, Serie A, Tekster, og serie B, Kommentarar og studiar.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.