Omtale
I 1842 byrja Ivar Aasen for alvor å samla opplysningar om talemålet i Noreg. Sitt eige bygdemål – sunnmørsmålet – hadde han granska og skrive om føreåt. No vert ymse leksikalske samlingar som Aasen for det meste skreiv medan han budde på Sunnmøre, prenta for fyrste gongen. Eit register over målføreord gjer det lettare å ta seg fram i tekstene.
Målsamlingar frå Sunnmøre er utgjevne av professor Jarle Bondevik, professor Oddvar Nes, Nordisk instiutt, Universitetet i Bergen, og fyrsteamanuensis Terje Aarset, Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda.
Ivar Aasen-selskapet har i hovudsak til oppgåve å gjeva ut uprenta manuskript etter Ivar Aasen, og har planlagt to seriar, Serie A, Tekster, og Serie B, Kommentarar og studiar.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.