Omtale
Målasamlingar frå Trondhjems og Tromsø Stifter av Ivar Aasen er ei rikhaldig utgåve av språkleg tilfang som Ivar Aasen samla i 1840-åra. Her er grammatiske utgreiingar og leksikalske samlingar frå fylka Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag og Nordland. Frå Østerdalen er det òg ei ordsamling. Ein makelaus ordskatt frå målføra vert her lagd fram for fyrste gongen.
Målsamlingar frå Trondhjems og Tromsø Stifter er utgjevne av professorane Jarle Bondevik og Oddvar Nes, Nordisk institutt, Universitetet i Bergen, og fyrsteamanuensis Terje Aarset, Høgskulen i Volda.
Ivar Aasen-selskapet har i hovudsak til oppgåve å gjeva ut uprenta manuskript etter Ivar Aasen. Selskapet gjev ut to seriar, Serie A, Tekster, og Serie B, Kommentarar og studiar.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.