Omtale
Denne boka handlar om humorens rolle og funksjon i bøker for barn. Korleis oppstår humor? Kva inviterer barnelitteraturen lesaren til å le av? Og kva for didaktisk potensial har humor i tekstar for barn?
Forfattarane undersøker slike spørsmål i 12 vitskaplege kapittel. Dei viser at humor kan underhalde, skape samhald og opne for refleksjon, men også korrigere, skape avstand og fungere nedsetjande. Å vende blikket mot det som er morosamt, gir nye måtar å forstå seg sjølv og verda på. Det er med andre ord all grunn til å ta humor på alvor.
Forfattarane er alle tilknytt forskingsgruppa Litteraturdidaktikk ved Høgskulen på Vestlandet.
Boka er nyttig for alle som er oppteken av barnelitteratur og av barns forhold til litteratur, til dømes forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre litteraturformidlarar.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.