Omtale
Det er truleg berre vas at ein god latter forlengjer livet. Det er på ein måte vedteke, utan å vera det. Men livskvaliteten aukar med mykje humor. Kanskje Meir tyleskap kan få deg til å dra på fliren? Kanskje du til og med kan leva litt lenger?
Jens Brekke er omreisande i humor og historieforteljing og har alltid øyro opne for nye gullkorn. Han er ein meister i å lytte og å sjå historier i det som hender rundt han. Kvart år kjem han med nye utgåver av heftet Illustrert tyleskap, der han på breitt «sognamaol» fortel korte og lange stubbar. I denne boka har vi valt ut dei beste historiene frå dei ti siste årgangane, og «omsett» dei til nynorsk. Boka er illustrert av visesongar og forfattar Ola Bremnes.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.