Omtale
Jon Fosses Melancholia 1 handlar om små fragment frå kunstmålaren Lars Hertervigs klassereise. Dette er ein analyse av denne teksten. Det vart lagt vekt på det sosiokulturelle aspektet ved hjelp av den franske sosiologen Pierre Bourdieus teoriar om den sosiale institusjonen. Habitus, felt og kapital er sentrale omgrep hos Bourdieu. I analysen vert det sett nærare på korleis Hertervig fungerer i dei ulike sosiale felta, kvifor han vert ekskludert, korleis han reagerer på dette og kva konsekvensar dette får for kunsten. Det er også viktig å finne mogelege årsakssamanhengar mellom melankolien og måten Hertervig vert behandla på.
Kari Garshol Velle tok mastergraden i nynorsk skriftkultur ved Ivar Aasen-instituttet, Høgskulen i Volda i vårsemesteret 2004.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.