Min samiske veg

Arne Ola Grimstad

kr369.00

1 på lager

SKU: 11974 Kategoriar: , ,

Omtale

Arne Ola Grimstad er sunnmøring, opprinneleg frå Hareid, men no busett i Ørsta. I rundt 45 år var han lærar, av desse 13 år i Finnmark, først fem år i Langfjordbotn i Alta, før familien flytta til Karasjok, der Den Samiske Folkehøgskole blei arbeidsplassen i 8 år.

No har han skrive bok om møtet med det han vil kalle Sameland, kultur og folk. Boka vert gitt ut av forlaget ČálliidLágádus og kjem i sal ved påsketider.

I Langfjordbotn fekk Arne Ola Grimstad og familien nær kontakt med reindriftssamar som hadde sommarplass i bygda og har heile tda seinare hatt nært vennskap med fleire familiar. Arne Ola var ein dreven fotograf og og arbeidde ein heil del som freelancejournalist, både for aviser og blad, og seinare tilsett som lokalkorrespondent for NRK/Vadsø. Då familien kom til Den Samiske Folke-høgskole, fekk Grimstad ansvar for ei nyoppretta line i foto og journalistikk.

Både som privatperson, men også som lærar, blei Grimstad sterkt interessert i samiske spørsmål, og dei samisk turbulente syttiåra fekk mykje å seie for han og vegen vidare. Som dyktig handverkar forelska han seg i samisk duodji (handverk) og har drive denne spesielle hobbyen langt. Etter at familien flytta til Ørsta (1980) har Arne Ola Grimstad i mange år vore engasjert av Høgskulen i Volda som forelesar for lærar- og førskulelærarstudentar om samisk kultur. Då han for nokre år sidan fekk kongens fortenestemedalje, var engasjementet for samisk kulturformidling ei av grunn-givinga for medaljen.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.742 kg
Innbinding

Forlag

CálliidLágádus

Aldersnivå

Vaksen

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Min samiske veg”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *