Omtale
Museguten Zakkarias er klar for å dra på eventyr i den store verda. Saman med ungane i huset dreg han på påsketur. Då vesleguten går seg vill, er det Zakkarias som bergar han.
Om sommaren dreg Zakkarias på stølen saman med mor og veslebror, og der blir han godvenn med veslekalven. Saman greier dei strabasane då dei går seg vill i skodda.
Då Zakkarias seinare reiser på campingtur, kjem han seg på sirkus. Der møter han ei musejente og blir att på sirkuset då menneska hans reiser vidare. Men korleis skal han koma seg heim att til det raude huset i skogen?I Museguten Zakkarias vart me kjende med museguten i blå olabukse med raud bot i baken. Han bur under golvet i det raude huset i skogen saman med foreldra sine og veslebror. Her kjem oppfølgjaren med tre nye historier om museguten og alt han opplever i den vide verda: Museguten Zakkarias på eventyr.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.