Omtale
Han og ho flyttar til eit gammalt hus ved havet for å vere åleine saman. Dei nærast flyktar frå dei andre, men angsten for at nokon skal øydelegge tosemda, rir dei begge. Og nokon kjem.
Nokon kjem til å kome er Fosses aller første skodespel. Å skrive for teater for første
gong har Fosse skildra som den største openberringa i forfattarlivet. Noko kjem til å kome hadde urpremiere på Det Norske Teatret i 1996. Den legendariske regissøren Claude Régy sette opp stykket på eit teater utanfor Paris i 1999. Den oppsetjinga vart avgjerande for Fosses gjennombrot som dramatikar internasjonalt. Nokon kjem til å kome har vorte sett opp kring hundre gonger verda over og er det aller mest spelte Fosse-stykket.
“Fosse opnar nye vegar, det er som om han gjev oss nye auge, nye øyre.”
Michel Cournot, Le Monde
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.