Omtale
Um Norsk Årbok 2021
I år heidrar me minnet etter målhovdingen og flogvitet Johannes Gjerdåker (1936–2020), som serleg er kjend for attdiktingane sine etter Robert Burns, Omar Khayyam, Horats, Friedrich Schiller og andre store namn frå heimsbokavlen – ja, Joni Mitchell dimeir. Minneord frå Herborg Kråkevik, Karsten Alnæs, Håvard Rem, Bergsveinn Birgisson, Kristin Fridtun og fleire vitnar um ei mangslungi og umtykt menneskja som hev gjeve oss mange glimesteinar i norsk målbunad. Boki femner au andre stykke um attdikting og tidleg norsk målreising, som heng nærre i hop en mange fyrst tenkjer seg. Det vert ei retteleg heimsjåing av det, mest som på god Gjerdåker-gjerd.
Innehald:
Johannes Gjerdåker: Oscar Wilde og Balladen om Reading fengsel 1
Svein Gjerdåker: Johannes Gjerdåker (1936–2020) – ei livsskildring 23
Herborg Kråkevik: I det blå der endeløysa skriv 34
Karsten Alnæs: Ein glimt av ein udøyeleg smil 40
Bergsveinn Birgisson: Ein liten stubb om stor ein kar 46
Kristin Fridtun: Den milde røysti i røyret 51
Olav Lausund: Venen Johannes 56
Per Olav Kaldestad: Attdiktar i særklasse 61
Håvard Rem: Ein medviten tradisjonalist 65
Aasmund Kaldestad: Ein strålande attdiktar av det britiske målet 73
Arne-Ivar Kjerland: Vismenners visdom og diktarflog til Bysants 75
Johannes Gjerdåker: Gullhanen i Miklagard 76
Ole Jakob Totland: På heimsjåing – heimantil, ut i heimen og heim att 80
Ruth Alvsen: Eit folk i draum 98
Alexander Seippel: Av ein tale 101
Thorgeir Holm: Med Ivar Aasen og Omar Hajjam 103
Sverre Stausland Johnsen: 1901-rettskrivingi var den fyrsta samnorsk-umboti 111
Ole Jakob Totland: Jan Prahl og målet hans – og ufreden i 1665 119
Jan Prahl: Sjoslaget paa Vaagen i Bjørgvin 139
Hans Henrik Holm: Skjemdarverket ved Bergenshavni i Norge 151
Ronny Spaans: Um kunsti å attdikta utan å ganga for langt i uppnorsking 154
Klaus Johan Myrvoll: Interessa for norske ord hjå Olav H. Hauge 167
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.