Omtale
Ei lettlesen og spennande bok om politihunden Falk, som bur saman med politidama Hanne og familien hennar. Denne gongen skal dei på nattevakt. Falk gler seg! Men det første som skjer er at dei nesten køyrer på ein gut som er ute og syklar utan lykt. Det blir byrjinga på ei lang natt, der Falk må slåst med ein innbrotstjuv og hjelpe Hanne i jakta på ein rømling. Dette er den andre boka i serien om etterforskarparet Falk og Hanne. Boka er illustrert av teikneserieskapar og illustratør Odd Henning Skyllingstad, og er midt i blinken for både gutar og jenter i alderen 8-10 år.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.