Omtale
60 arrangement gjennom 30 år.
Denne tonesamlinga har fått tittelen Nu rinner solen opp, etter ein folketone frå Hareid. Dei 60 arrangementa i samlinga har vorte til gjennom 30 år. Av dei er 30 for kor (dei fleste for blandakor) og 23 for song og piano. I tillegg kjem sju for fele, orgel, strykekvartett og messingsekstett. Om lag 50 arrangement har vore – og er – i bruk av kor og songarar over heile landet, særleg på Sunnmøre. Tredjeparten av arrangementa er til norske folketonar, dei fleste frå Møre og Romsdal. Samlinga inneheld tonar av 25 komponistar frå heile landet, mellom dei Sigurd Førsund, S.H. Geitvik, Roar Goksøyr, Edvin Helgheim, Trygve Hoff, David Monrad Johansen, Jakob N. Kobberstad, Rasofiel Rise, Henning Sommerro og Simon Vatne. Om lag 30 forfattarar er representerte i samlinga, av dei 20 norske. Flest tekster er av Ivar Aasen (ni). Deretter kjem H.A. Brorson og Jakob Sande (fire kvar). Elias Blix og Anders Hovden er òg med. Samlinga inneheld både verdslege tekster, folkeviser og folkelege viser, salmar og åndelege songar. Dei hentar tema frå norsk natur og folkeliv, årstidene (vår og sommar), morgon og kveld, kyrkjelege høgtider (jul og påske), og dei inneheld tankar om vit og tru, von og refleksjon.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.