Omtale
I samband med Dei nynorske festspela 1998 skipa Ivar Aasen-instituttet til eit seminar med tittelen Ny-Noreg møter Svensk-Finland. Det var den første internasjonale tilskipinga Ivar Aasen-instituttet har stått for. Det var ikkje tilfeldig at det nettopp var finlandssvenskane som først vart inviterte. Dei er naturlege samtalepartnarar for nynorskoffentlegheita og for Ivar Aasen-instituttet rein særskilt. Finlandssvenskane har dessutan vore for lite påakta som samtalepartnarar. Seminaret og denne boka er eit forsøk på å rette på det.
Boka inneheld innlegga til dei fire innleiarane. Desse er Christer Laurén frå Institutionen för nordiska språk, Vasa Universitetet/Europäische Akademie Bozen, Jon Peder Vestad, Avdeling for mediefag, Høgskulen i Volda, Jan Terje Faarlund, Institutt for nordistikk og leksikografi, Universitetet i Oslo og John Sundholm, Åbo akademi. Vidare inneheld boka Stephen J. Waltons presentasjon av seminaret, og den oppsummerande kronikken Walton hadde i Sunnmørsposten i etterkant av seminaret.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.