Nynorsk litteraturhistorie

Jan Inge Sørbø

kr437.00

2 på lager

Omtale

Eit storverk om nynorsk skjønnlitteratur – frÃ¥ Ivar Aasens tid til i dag.
I Nynorsk litteraturhistorie gjev Jan Inge Sørbø eit heilt nytt perspektiv pÃ¥ norsk litteratur. Han viser korleis nynorske forfattarar bÃ¥de har forma dei litterære normene i periodane dei levde i – og opponert mot dei. Aasen protesterte mot nasjonalromantikken, og Vinje dreiv gjøn med bondeforteljingar og idealiseringa av bøndene. Garborg var ein eksemplarisk naturalist, men braut deretter med denne retninga. Dei nynorske forfattarane var seint ute til høgromantikken, men til gjengjeld var dei modernistiske pionerar. Utviklinga av det nynorske skriftsprÃ¥ket har sytt for at stemmer og erfaringar frÃ¥ heile landet har fÃ¥tt innpass i litteraturen, og at det har blitt skrive bøker frÃ¥ smÃ¥bruk og fiskevær pÃ¥ eit sprÃ¥k som reflekterer mang ein lesar sin eigen mÃ¥te Ã¥ tenkje og snakke pÃ¥.

Over 150 forfattarskapar er representerte. Her finst kjende storleikar som Arne Garborg, Tarjei Vesaas, Marie Takvam, Jon Fosse og Olaug Nilssen, så vel som forfattarar som fortener ny merksemd, som Gro Holm og Sjur Bygd.
Boka kjem ut i høve 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget i 2018.

Tilleggsinformasjon

Vekt 2.219 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Nynorsk litteraturhistorie”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *