Økland – Einar Øklands livsverk i samling

Ottar Grepstad, Sverre Tusvik

kr449.00

2 på lager

SKU: 14135 Kategoriar: ,

Omtale

Forfattaren og kulturhistorikaren Einar Økland (fødd 1940) seier at nokre samlar på seg sjølv, andre samlar på kunnskap. Han har skrive eller redigert 104 bøker gjennom 60 år, tekstar av han er omsette til 18 språk, og samle har han gjort i meir enn 75 år.
Ottar Grepstad, Sverre Tusvik, Agnes Ravatn og Jorunn Veiteberg samtalar med Einar Økland i Valevåg om høgt og lågt mellom skrift og trykk. Mest fortel han om det han før har snakka eller skrive lite om, også frå eigen barndom og bakgrunn. Økland undrar seg over det han ikkje veit og søkjer innsikt som han sjenerøst spreier til andre gjennom skrift og snakk. Brått kjem noko som ingen kunne vente.
ØKLAND inviterer deg med hyllelangs gjennom historia om den låge danninga som gjennom skrift og bilete har krydra og demokratisert kvardagen for folk flest. Boka er ein eineståande dokumentasjon av ein særmerkt forfattarskap.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.751 kg
Forlag

Fonna forlag

Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Økland – Einar Øklands livsverk i samling”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *