Omtale
Gjennom 50 år og til dags dato har SKRUK med sin dirigent Per Oddvar Hildre (Prots) formidla musikk og tolkingar, sprengd grenser og bidrege til eit meir ope og tilgjengeleg kyrkjerom for mange.
SKRUK har vorte omtala som ein plogspiss innan kormusikk med sin energi, klang og dristige satsingar. Repertoaret har eit spenn frå bedehussongar, salmar, folketonar og klassiske komposisjonar til jazz, tradjazz, gospel, nybrottsarbeid og internasjonale samarbeid med musikarar frå andre himmelstrok.
Det er med stoltheit og takksemd vi presenterer denne reisa med SKRUK gjennom 50 år. Den viktigaste dokumentasjonen er i dag å finne på 31 plateinnspelingar, men det er så mykje meir å fortelje og mykje å minnast.
Håpet er dat dette kan vere ei minnebok for alle som reknar seg som ein del av SKRUK-familien, men også ei skildring og ein dokumentasjon av eit miljø og ein epoke i norsk korhistorie som kan vere av interesse for mange.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.