Omtale
Mange språk er under sterkt press i vår tid, så sterkt at somme fryktar for språkdaude og ei stort kulturtap for sivilisasjonen i verda. Språkleg purisme er ein politikk som blir ført i mange språksamfunn som forsvarstiltak mot presset.
Purismen har ei lang historie. Denne boka ser på purismetradisjonen og purismeomgrepet i historisk og ideologisk lys, og her er eigne artiklar om kvart av dei nordiske språka (utanom norsk) og den konkrete utforminga og rolla som purismen har hatt i dei. Dessutan blir språkdaudespørsmålet drøfta i tilknyting til purismen.
Om forfattarane:
Randi Brodersen, ph.d.-stipendiat ved Københavns Universitet, tidlegare amanuensis i dansk ved Universitetet i Bergen.
Endre Brunstad, postdoktorstipendiat ved Universitetet i Bergen.
Helge Sandøy, professor II ved Høgskulen i Volda og professor ved Universitetet i Bergen.
Svavar Sigmundsson, dagleg leiar for det islandske stadnamninstituttet, tidlegare dosent ved Háskóli Íslands.
Trond Trosterud, forskar ved Universitetet i Tromsø.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.