Omtale
Torolv Solheim (1907-1995) var ein av grunnleggjarane av Sosialistisk Folkeparti (seinare SV), og partileiar 1969-1971. Men Solheim var så mykje meir: motstandsmann, skulemann og målmann, kulturradikalar, NATO-motstandar og distriktsforkjempar, stril, redaktør og åndhøvding.
Solheim var fødd og oppvaksen på Radøy i Nordhordland, og budde gjennom livet både i Oslo, Bergen, Stongfjorden, Risør og Brevik. Under krigen dreiv han illegalt motstandsarbeid i Nordhordland. Etter krigen arbeidde han for samvirketiltak i fiskerinæringa, var direktør for eit skipsverft, redaktør av tidsskriftet Fossegrimen og lærar på realskule og gymnas. Politisk var han innom NKP og Arbeidarpartiet, før han vart partistiftar og partileiar i SF.
I 1952 – midt under den kaldaste krigen – mens han var direktør for Stongfjordanleggene i Sunnfjord, reiste han ein tur til Moskva. Dette fekk store følgjer bÃ¥de for bygda Stongfjorden og Torolv Solheim med familie.
Denne boka fortel historia om Torolv Solheim, ein fargerik, engasjert og meiningssterk deltakar i norsk politikk og samfunnsliv på 1900-talet.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.