Omtale
Å skrive er eit forsøk på å stanse den flytande straumen av alt umogeleg, seier ein av karakterane i desse novellene av Gunnhild Øyehaug, som har fått kritikarar i to tiår til å ta fram karakteristikkar som «blendande», «sylskarpe», og «virtuose». Om novellene handlar om ei jente som nektar å spele piano for bestefar sin, eller romvesen som kommuniserer gjennom polaroidbilete, eller om nokon som opplever at alt dei tek i blir til slimål, står det menneskelege i fokus, og smerta og ekstasen i det å ha eit medvit. Gunnhild Øyehaug sitt forfattarskap er eineståande og vrir kaleidoskopisk på novelleforma, «ein meister for vår tid», har det blitt sagt.
Samla noveller inneheld alle novellene Gunnhild Øyehaug har utgjeve i bokform, og inkluderer Knutar + (2004/2012), Draumeskrivar (2016) og Vonde blomar (2020), samt ei nyskriven novelle. James Wood har skrive etterord.
«Det er nettopp i dette magiske grenselandet Gunnhild Øyehaug sine forteljingar eksisterer, grenselandet mellom det ekte og det biletlege, mellom støleik og forandring, mellom subjekt og objekt. Og der forteljinga reiser i stor fart fram og tilbake langs denne grensa, blir ho sjølv det opphøgde objektet, skimrande i superfantastisk utstråling.»
James Wood, frå etterordet til Samla noveller
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.