Omtale
Før han blei romanforfattar debuterte Kjartan Fløgstad som lyrikar med to modernistiske diktsamlingar. Etter den tid har den lyriske diktinga heile tida vore ein slitesterk tråd gjennom forfattarskapen. Frå og med Dalen Portland i 1977 innheld både romanane og sakprosabøkene hans ei lang rekke dikt og songar. Gjennom fleire tiår har songtekstane blitt tonesette av kjende og ukjende komponistar og framførte i stilartar som spenner frå klassiske romansar til rock´n´roll. Sjølv har Fløgstad samarbeidd med eit rikt mangfald av musikarar både på og bak scenen. For songen Slak line mottok han i 2003 TONOs EDVARD-pris for beste tekst til musikk. Med noter og besifring er det dei mest songbare tekstane i forfattarskapen som er samla under tittelen SANDHARPESONGAR.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.