Omtale
Journalist Agnes Tveit skal dekke det tradisjonsrike Smalahovesleppet på Voss for lokalavisa då ho får auge på eit menneskehovud blant saueskallane.
Den påtroppande ordføraren på Voss, tidlegare TV-kjendis og heimflytta vossing Sjur Dagestad, dukkar ikkje opp til opninga av Smalahovesleppet. Men hovudet hans gjer det. Det blir funne i festivalteltet, skilt frå resten av kroppen. Kven har tatt livet av – og halshogd – den populære politikaren?
Skallebank er Randi Fuglehaug sin tredje frittståande krimroman med handling frå vakre Voss.
«et mesterstykke … Spenning, driv, overraskelser og en god dose fornyelse!»
«krim av solid klasse»
«Slik som dei andre bøkene i serien lukkast «Skallebank» med å bake samfunnskritikk saman med mordgåta på ein måte som gjer boka til meir enn underhaldande tidsfordriv.»
«samfunnskritisk, aktuell og underholdende»
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.