Slagersong og svartmetall

Arild Torvund Olsen

kr349.00

3 på lager

Omtale

Kva har Nora Brockstedt, Lillebjørn Nilsen, Ivar Medaas, Dizzie Tunes, Noregs Punklag, Darkthrone, Gåte og Odd Nordstoga til felles? Alle har gitt ut musikk med nynorske tekstar.

Denne boka tek deg med gjennom dei fyrste 80 åra med nynorsk populærmusikk på vinyl. Meir enn 60 plater får eigen omtale, krydra med detaljar frå innspelingane og mottakinga platene fekk. I tillegg kjem ei mengd små omtalar av andre plater. Boka er gjennomillustrert med 266 plateomslag, 50 artistfoto, gamle annonsar, plakatar og anna. Her er plater som du ikkje visste fanst, plater som du mimrar om, og plater du gler deg til å høyra på.

Utdrag:

«Den jazz- og bossanova-inspirerte plata The New Sound of Edvard Grieg / Folk-Music, med arrangement av Sigurd Jansen, har to delar: éi side med nytolkingar av folkeviser, og éi med tolkingar av Grieg-songar med tekstar av Garborg og Vinje. Og det her vart «Årets mest kontroversielle norske LP-plate», for å sitera Arbeiderbladet. Faktisk var arrangementa so kontroversielle at ein av dei klassiske musikarane som skulle spela på plata, reiste seg og gjekk i protest midt i innspelinga.»

Om Dizzie Tunes: The New Sound of Edvard Grieg / Folk-Music (1969)

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.700 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Fonna forlag

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Slagersong og svartmetall”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *