Omtale
Olaug Johanna Vervik Bollestad er nestleiar i Kristeleg Folkeparti, landbruks- og matminister og dronning pÃ¥ Instagram. Bollestad, som fyller 60 Ã¥r i 2021, er fritalande, frodig og fargerik, og pÃ¥ mange mÃ¥tar ein utypisk rikspolitikar. Bollestad kjem frÃ¥ det vestnorske bibelbeltet. I denne boka fortel ho om oppveksten, som var sterkt prega av ei psykisk sjuk mor, om #metoo-erfaringar i misjonsmiljøet og kva som skjedde under «skjebnevalet» til KrF i 2018. PÃ¥ Instagram-profilen @olaugjohanna deler ho fritt og usensurert frÃ¥ kvardagane sine. Der er ho høg pÃ¥ livet og kjærleiken til mannen, og responsen har vore overveldande. Ei eldre kvinne lærte den unge Olaug Bollestad at det er viktig Ã¥ snakka sant om livet. Seinare har ho forsøkt Ã¥ leva opp til ambisjonen, bÃ¥de i familielivet, i politikken – og i denne boka. Kjersti Mjør (f. 1965) kjem frÃ¥ Kvanndal i Hardanger. Ho er utdanna ved Universitetet i Bergen og starta journalistkarrieren i NRK i 1989. I dag jobbar Mjør som journalist i Bergens Tidende. Tidlegare har ho mellom anna gitt ut portrettboka “Hjartebank. Historia om Oddny Miljeteig”.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.