Soga om Torstein Vikingsson

kr299.00

2 på lager

SKU: 13716 Kategoriar: ,

Omtale

Jon Fosse har omsett og gitt ut ei rekkje bøker på Skald. Felles for dei er at det er verk som han sjølv meiner har vore svært viktige for hans forfattarskap. I tillegg til moderne klassikarar, er han inspirert og oppteken av dei norske sogene, som han har omsett til nynorsk. I høve nobelprisen i litteratur gir vi ut begge sogene og dramaet Edda i ein eigen serie. Omslagsillustrasjonane er handteikna av Stefan Ellmer og inspirert av Codex Regius.

Soga om Torstein Vikingsson fortel på fantastisk vis om Viking, bonden frå Sogn, og sonen Torstein. Vikingferda til far og son fører oss frå garden i Sogn, gjennom Noreg, Sverige og heilt til Indialandet.

Torstein er far til Fridtjov den frøkne, helten frå ei av dei mest kjende norrøne sogene, Soga om Fridtjov den frøkne som er også er utgitt i denne serien. Begge er omsette frå gamalnorsk til nynorsk av nobelprisvinnar Jon Fosse.

Denne handlingsmetta fornaldersoga frå mellomalderen er underhaldande lesnad med både hærferder, trolldom, kjærleik og hat.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.230 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Skald

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Soga om Torstein Vikingsson”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *