Omtale
Lukkeleg og full av sorg.
Sommaren etter tiande klasse ligg fri og utstrekt framfor Mia og vennegjengen hennar. Snart ventar vidaregåande, og dei skal splintrast og fyke i kvar sine retningar. Men dei har denne sommaren i lag, her og no. I løpet av ferien kjem Mia og Are nær kvarandre på ein ny måte, og det blir vanskeleg å skilje mellom kva som er vennskap og kva som er kjærleik.
Hausten kjem, og Mia flyttar på hybel. Ho blømer i det nye miljøet på musikklinja med musikal og konsertar, hybelliv, festing og nye venner.
SÃ¥ blir Are sjuk. Veldig sjuk.
«Splintra» er ein rik roman om vennskap. Om korleis det er mogleg å vere både lukkeleg og full av sorg når noko veldig fint og noko veldig vondt hender på same tid.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.