Omtale
Korleis halde ut det som ikkje er til å halde ut?
16 år gamle Emma vaknar på sjukehus med eit skotsår i magen. Kva som har hendt, hugsar ho ikkje heilt, men dei seier at det er faren som har skote ho. Som einaste overlevande etter ein familietragedie må Emma flytte til mormora si langt ute på landet. Der bur også Hannes, naboguten som har fotografering som hobby og gjerne vil bli venn med Emma.
Psykologen Beate seier at Emma ikkje kan kome seg vidare før ho hugsar kva som har skjedd.
Men Emma kan ikkje hugse, vil ikkje hugse.
«Sting» er ein sterk roman om minne, om vald og om korleis ein på nytt kan finne lys i alt det som er mørkt.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.